mandag 13. februar 2012

Barn og unges digitale arena


Digitale medium inngår i ungane sin kvardag. Ungane stiller ikkje spørsmålsteikn ved den tilgjengelege teknologien, men tar han for gitt. Det er mykje i den digitale verden som verkar spennande og forlokkande for barn/unge/ungdom som skal prøve ut ting, i ein verden dei held på å vokse opp i. Etter ein liten samtale med ei på 16 år, fekk eg vete at ho følte ho var sosial når ho brukte sosiale mediar. I staden for å reise på besøk, kunne det bli bytta ut med å bruke FB. Sylfest Lomheim meina at dette kan øydelegge den naturlige kommunikasjonen blant mennesket. Ein kan spørje seg om dei unge, lærar seg basisferdighetane med å vere på det WEB 2.0? Har ein oppnådd det læreplanverket ynskjer innan for basisferdigheitene når ein er god på å «chatte», «spille» og sende digitale bilete på nettet, for å ta noko av det. Min erfaring med elevar vise at det ikkje er tilfellet. Det er viktig at lærarane brukar den digitale erfaringane desse ungdommane har, til å utvikle ein digital kompetanse i tråd med LK06.

Vygotsky meinte at all intellektuell utvikling og all tenking har utgangspunkt i sosial aktivitet. Dette kan nyttast i den digitale verden. Eg meina det å bruke sosiale programmer kan utvikle læringa i riktig retning. Til dømes kan eg vise til WoW, der eg har utvikla min engelsk frå å vere ok til bra. J Sjølv om Sylfest Lomheim meina at eg ikkje er sosial i den samanhengen, så vil ikkje Vygotsky sin teori vere aktuell her, men dette er eg ueinig med. Grunnen til det er at eg har lært meg betre engelsk i min «sosiale» dataverden. Eg lærar det med å spørje og prøve ut «nye» ord. Samspel mellom barn, vaksen fungera veldig godt herJ    

onsdag 8. februar 2012

IKT og tilpassa opplæring

Alle skal møte til ei opplæring som er tilpassa deira føresetnad og behov. Eit slikt synspunkt møter lite motstand og kritikk i seg sjølv. Det er først når prinsippa skal operasjonaliserast som pedagogisk praksis, og definerast i formål, innhald og konkrete tiltak, at problema oppstår(http://www.udir.no/Upload/Forskning/5/Tilpasset_opplaring.pdf).
Det er ikkje enkle løysningar i ein kompleks praksis. Det er laga læremiddel som er utvikla med tanke på læring. Det er viktig å nemne at dette inneberer også program som ikkje er direkte laga for undervisning. Bjarnø, Giæver, Johannesen og Øgrim (2009, s. 142) skil mellom tre ulike hovudtypar av digital læringsressursar . Det er standarprogrammer som til dømes teksthandsamar, rekneark og presentasjonsverktøy. Pedagogiske program som er fagleg retta program og kontekstfrie program. Faglege ressurssider som ikkje er utvikla for undervisning. I opplæringslova er det bestemmelsar for dei som ikkje kan greia seg innanfor rimeleg tilrettelegging, og som difor må ha spesiell tilrettelegging med individuelle opplæringsplanar. Elevar kan få støtte til kjøp av programmvare og anna utstyr knytt til PCen.

Eg sjølv brukar som nemnt før CSCL i mine timar. Det stør på samarbeid, det oppfordrar til kommunikasjon. Ein spesiell type kommunikasjon i høve til eit problemområde. Oppgåvene mine er ofte forma på ein slik måte at dei krevje samarbeid. Etter å ha brukt dette ei stund sa ein elev til meg.

«Eg har slutta og bruke det lokalenettverket på skulen for å lagre ting på. Eg brukar google disk til alt. Da sleppe eg problem når det lokale nettverket er nede, sånn som det var sist veke. Det er og mykje lettare enn Fronter, sidan her lagrar ting seg automatisk og eg sleppe å styre med «uploading»»

Litteraturliste: https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/1008872949$904267951$/RomArkiv/3.+Veke+5.+IKT+og+tilpassa+oppl_prcent_E6ring/DKL102+IKT+og+tilpassa+oppl_prcent_E6ring+v_prcent_E5ren+2012.pdf

Terje Høiland, Tor Arne Wølner. Frå digital ferdgihet til kompetanse

onsdag 1. februar 2012

Elektronisk Tankekart


Elektronisk tankekart er noko eg aldri har brukt før. Eg har no prøvd Mindomo og syns det er veldig spennande. For meg som ikkje liker å ha så mange bunker med papir rundt meg og ikkje klare å holde styr er dette ei flott oppleving. Her får eg muligheita på ein lett måte og ta notat, visualisere, Idémyldring, utreiing, tekstskaping, kognitiv støtte og ikkje minst samarbeid med min venn på Nordpolen (Viss nettet er oppe å går da). Etter mange år på skulebenken har eg fått eit verktøy som gjere mitt notatarbeid lettare og meir strukturert. Bruk av dette når eg har Team-møter og liknande kjem til å effektivisere mitt arbeid (trur eg, på grunn av eg har ikkje brukt det der enda, og sidan dette er den første dagen eg prøver elektronisk tankekart). Det å bruke elektronisk tankekart har fordelen med at det ikkje er noko fysisk avgrensing. Det vil seie at det ikkje er noko grense for kor mykje utredningsarbeid du kan gjere i eit tankekart. Den vanligaste metoden å bruke tankekart i skulen er ofte tidleg i idéfasen. Det er naturlig å stoppe arbeidet med kartet der når ein brukar eit papirbasert tankekart. Det som kan demotivere elevar er at dei må begynne på nytt å skrive, med elektronisk tankekart trenger det ikkje å vere tilfellet. Ein kan eksportere tekst og styre på. Eg kan sjå for meg at eg begynner på tankekartet når masteroppgåva mi startar og når eg er ferdig med masteren har eg utvikla tankekartet heile vegen.


Link til eit tankekart.. Test:) 

tirsdag 17. januar 2012

Web 2.0


Facebook er eit sosial medium som ungdommar i grunnskulen nyttar mykje. Kva kan ein gjere for å nytte den bruken til noko positivt innan for skulen sine rammer?

Eg har starta ei gruppe på FB som heitar samfunnsfag 8-10. Der kan ein diskutere faglige spørsmål mellom himmel og jord. Mange av mine elevar brukar FB og spør om ting dei undrast på. Dei brukar og FB til og spørje kva eg meina med den og den formuleringa. Det er viktig å forstå at uansett kor godt/enkelt ein prøver å formulere seg for elevane, er det alltid nokon som ikkje skjønner. Her har mine elever til ein viss grad vore flink og brukt FB-meldingar til og spørje meg kva eg meina med formuleringane mine.

Det å bruke FB i timane er noko eg ikkje ønskjer. Gruppa eg har laga er eit alternativ som skal brukast etter skuletid, der eleven kan bruke FB til systematisk fagbruk. Eg veit at det er elevar som «snike» til seg bruk av FB i mine timar, men det er ikkje noko stort problem. Eg er veldig klar og tydelig på korleis eg vil at timane mine skal fungere. Kor mykje FB fremmar digital kompetanse er nok eit spørsmål som blir stilt. 

Det å bruke FB som eit digital verktøy er fullt ut mulig, men bruk i timane fører nok til mange avsporingar på grunn av det er mange uromoment som følgjer med. Venner og sosiale happeningar «events», nye bilde og liknande.  Vere kritisk til bruken av web 2.0 er ein nødvendigheit, men ein må ikkje legge det på hylla. Ein lærar bør vere «sugen» på ny viten om korleis nettet blir brukt på. Bruken av sosialt web bør ikkje vente på meir forsking eller politiske utsegn. Læraren i klasserommet kan jobbe parallelt med utviklinga på dette området. Bruken av web 2.0 kan virke motiverande for elevane som ofte kan føle at timane er keisame. Eg brukar CSCL både i RLE og samfunnsfag.  

tirsdag 6. desember 2011

Bilde

Bilde

For å kunne utvikle tryggleik og forståing for dramaturgi, bildespråk og ulike virkemiddel i andre typer tekster, krevjar det for mange ein kompetanseheving. Ein kan gjere dette kollektivt, ved at lærarane samen ser og diskuterer samansette tekstar produsert av elevar, eller ved lesing av relevant faglitteratur, ev kan ein vidareutdanne seg.

Kva er hovudmotivet og kva er intensjonen med bildet?

Når ein fotograf tar eit bilde er det ofte at fotografen vil at ein skal ha fokus på eit hovudobjekt, men sjølvsagt ikkje kvar gang. Bilete kan vere abstrakt og nonfigurativt. Det finnes mange måtar å få eit betre bilde. Ein kan endre ståstad, ein kan ha fugleperspektiv, ein nøytral bakgrunn, ein kan prøve å ta bilde nedafrå og oppover. Bryte opp i «landskapet» med til dømes ein raudmala stein?
Det er ting ein bør passe på viss ein eksperimentera, til dømes at det ikkje blir for mykje luft. På eit menneske kan ein til dømes ta bilete av ansiktet. Viss ein vil ha rørsle i bilete er det viktig med litt luft, slik at ikkje bilde virka klemt. Ein måte å få fram eit hovudobjekt er å bruke dybdeskarpehet.

Det å legge ein plan for bilde er nyttig. Viss ein brukar medviten sin å vurderar korleis lyset kan framheve motivet er eit bra fokus. Skuggar på fjell, hus, speil bilete på sjøen kan brukast aktiv for å få fram eit godt bilde. Kan prøve å ta bilde i medlys, side lys og i motlys. Da får ein fram forskjellige opplevingar av motivet.  
Det å plassere motivet er viktig. Viss eit bilete består av meir enn eit hovudmotiv, kan ein snakke om primærområde og eit sekundærområde. Viss ein prøvar å flytte på det eine hovudobjektet kan det forandre seg frå primær til sekundær.  


lørdag 26. november 2011

Internett og etikk


Internett og etikk
Når ein skal tilby Internett til barn og unge, er det viktig at vi er klar over og tar omsyn til dobbelheita som ligger i dette mediet. Eg syns det er viktig at foreldre, lærarar og diverse pedagogar å sette seg inn i den verden. I standen for å komme med fraser som «før så brukte vi naturen til ditt og datt». «Denne utviklinga kan bare gå ein veg» osv. Det er viktig at vi stiller opp for barna våre og guidar dei inn i ei ukjent verd. Ta ansvar!

«Noe av denne dobbeltheten gjenspeiles i skolens lovverk, som uavhengig av teknologiens muligheter og begrensninger slår fast:»[1]
Opplæringa i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa skal fremje menneskeleg likeverd og likestilling, åndsfridom og toleranse, økologisk forståing og internasjonalt medansvar. […]
Alle som er knytte til skolen eller til lærebedriftene, skal arbeide for å hindre at elevar og lærlingar kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar. (Opplæringslova §1-2, Formål med opplæringa)

Denne vise at på den eine sida skal det vere opneheit, men på den andre sida vere avgrensa og beskyttelse for eleven?

Ein må her komme innpå ein etisk debatt om korleis bruk av Internett skal vere i skulen. Digital mobbing og andre konsekvensar var noko eg ikkje hadde noko om i skulen, men som eg ser, er nødvendigheita rundt det temaet er stort.  Det å bygge opp ein «etisk ryggrad» er viktig meina eg. Lage «køyrereglar», vise omsyn og vere varsam.

Korleis bruke Internett på ein måte som gjere at ein ikkje sårar andre og seg sjølv i ein verden av mogligheiter og ingen grenser. Det er viktig og tenkje over at både mottakar og sendar av nettet kan hamne i etiske dilemma. Dette er noko skulen bør diskutere. Det å ta det opp i team-møta meina eg kan vere ein god ide. Da kan ein å diskutere lærarane og leiarane sin kompetanse og fokus på dette området. Få opna auga og vere flinkare til å hjelpe elevane til ei tryggare internett-framtid.

Litteraturliste