mandag 13. februar 2012

Barn og unges digitale arena


Digitale medium inngår i ungane sin kvardag. Ungane stiller ikkje spørsmålsteikn ved den tilgjengelege teknologien, men tar han for gitt. Det er mykje i den digitale verden som verkar spennande og forlokkande for barn/unge/ungdom som skal prøve ut ting, i ein verden dei held på å vokse opp i. Etter ein liten samtale med ei på 16 år, fekk eg vete at ho følte ho var sosial når ho brukte sosiale mediar. I staden for å reise på besøk, kunne det bli bytta ut med å bruke FB. Sylfest Lomheim meina at dette kan øydelegge den naturlige kommunikasjonen blant mennesket. Ein kan spørje seg om dei unge, lærar seg basisferdighetane med å vere på det WEB 2.0? Har ein oppnådd det læreplanverket ynskjer innan for basisferdigheitene når ein er god på å «chatte», «spille» og sende digitale bilete på nettet, for å ta noko av det. Min erfaring med elevar vise at det ikkje er tilfellet. Det er viktig at lærarane brukar den digitale erfaringane desse ungdommane har, til å utvikle ein digital kompetanse i tråd med LK06.

Vygotsky meinte at all intellektuell utvikling og all tenking har utgangspunkt i sosial aktivitet. Dette kan nyttast i den digitale verden. Eg meina det å bruke sosiale programmer kan utvikle læringa i riktig retning. Til dømes kan eg vise til WoW, der eg har utvikla min engelsk frå å vere ok til bra. J Sjølv om Sylfest Lomheim meina at eg ikkje er sosial i den samanhengen, så vil ikkje Vygotsky sin teori vere aktuell her, men dette er eg ueinig med. Grunnen til det er at eg har lært meg betre engelsk i min «sosiale» dataverden. Eg lærar det med å spørje og prøve ut «nye» ord. Samspel mellom barn, vaksen fungera veldig godt herJ    

onsdag 8. februar 2012

IKT og tilpassa opplæring

Alle skal møte til ei opplæring som er tilpassa deira føresetnad og behov. Eit slikt synspunkt møter lite motstand og kritikk i seg sjølv. Det er først når prinsippa skal operasjonaliserast som pedagogisk praksis, og definerast i formål, innhald og konkrete tiltak, at problema oppstår(http://www.udir.no/Upload/Forskning/5/Tilpasset_opplaring.pdf).
Det er ikkje enkle løysningar i ein kompleks praksis. Det er laga læremiddel som er utvikla med tanke på læring. Det er viktig å nemne at dette inneberer også program som ikkje er direkte laga for undervisning. Bjarnø, Giæver, Johannesen og Øgrim (2009, s. 142) skil mellom tre ulike hovudtypar av digital læringsressursar . Det er standarprogrammer som til dømes teksthandsamar, rekneark og presentasjonsverktøy. Pedagogiske program som er fagleg retta program og kontekstfrie program. Faglege ressurssider som ikkje er utvikla for undervisning. I opplæringslova er det bestemmelsar for dei som ikkje kan greia seg innanfor rimeleg tilrettelegging, og som difor må ha spesiell tilrettelegging med individuelle opplæringsplanar. Elevar kan få støtte til kjøp av programmvare og anna utstyr knytt til PCen.

Eg sjølv brukar som nemnt før CSCL i mine timar. Det stør på samarbeid, det oppfordrar til kommunikasjon. Ein spesiell type kommunikasjon i høve til eit problemområde. Oppgåvene mine er ofte forma på ein slik måte at dei krevje samarbeid. Etter å ha brukt dette ei stund sa ein elev til meg.

«Eg har slutta og bruke det lokalenettverket på skulen for å lagre ting på. Eg brukar google disk til alt. Da sleppe eg problem når det lokale nettverket er nede, sånn som det var sist veke. Det er og mykje lettare enn Fronter, sidan her lagrar ting seg automatisk og eg sleppe å styre med «uploading»»

Litteraturliste: https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/1008872949$904267951$/RomArkiv/3.+Veke+5.+IKT+og+tilpassa+oppl_prcent_E6ring/DKL102+IKT+og+tilpassa+oppl_prcent_E6ring+v_prcent_E5ren+2012.pdf

Terje Høiland, Tor Arne Wølner. Frå digital ferdgihet til kompetanse

onsdag 1. februar 2012

Elektronisk Tankekart


Elektronisk tankekart er noko eg aldri har brukt før. Eg har no prøvd Mindomo og syns det er veldig spennande. For meg som ikkje liker å ha så mange bunker med papir rundt meg og ikkje klare å holde styr er dette ei flott oppleving. Her får eg muligheita på ein lett måte og ta notat, visualisere, Idémyldring, utreiing, tekstskaping, kognitiv støtte og ikkje minst samarbeid med min venn på Nordpolen (Viss nettet er oppe å går da). Etter mange år på skulebenken har eg fått eit verktøy som gjere mitt notatarbeid lettare og meir strukturert. Bruk av dette når eg har Team-møter og liknande kjem til å effektivisere mitt arbeid (trur eg, på grunn av eg har ikkje brukt det der enda, og sidan dette er den første dagen eg prøver elektronisk tankekart). Det å bruke elektronisk tankekart har fordelen med at det ikkje er noko fysisk avgrensing. Det vil seie at det ikkje er noko grense for kor mykje utredningsarbeid du kan gjere i eit tankekart. Den vanligaste metoden å bruke tankekart i skulen er ofte tidleg i idéfasen. Det er naturlig å stoppe arbeidet med kartet der når ein brukar eit papirbasert tankekart. Det som kan demotivere elevar er at dei må begynne på nytt å skrive, med elektronisk tankekart trenger det ikkje å vere tilfellet. Ein kan eksportere tekst og styre på. Eg kan sjå for meg at eg begynner på tankekartet når masteroppgåva mi startar og når eg er ferdig med masteren har eg utvikla tankekartet heile vegen.


Link til eit tankekart.. Test:)