onsdag 1. februar 2012

Elektronisk Tankekart


Elektronisk tankekart er noko eg aldri har brukt før. Eg har no prøvd Mindomo og syns det er veldig spennande. For meg som ikkje liker å ha så mange bunker med papir rundt meg og ikkje klare å holde styr er dette ei flott oppleving. Her får eg muligheita på ein lett måte og ta notat, visualisere, Idémyldring, utreiing, tekstskaping, kognitiv støtte og ikkje minst samarbeid med min venn på Nordpolen (Viss nettet er oppe å går da). Etter mange år på skulebenken har eg fått eit verktøy som gjere mitt notatarbeid lettare og meir strukturert. Bruk av dette når eg har Team-møter og liknande kjem til å effektivisere mitt arbeid (trur eg, på grunn av eg har ikkje brukt det der enda, og sidan dette er den første dagen eg prøver elektronisk tankekart). Det å bruke elektronisk tankekart har fordelen med at det ikkje er noko fysisk avgrensing. Det vil seie at det ikkje er noko grense for kor mykje utredningsarbeid du kan gjere i eit tankekart. Den vanligaste metoden å bruke tankekart i skulen er ofte tidleg i idéfasen. Det er naturlig å stoppe arbeidet med kartet der når ein brukar eit papirbasert tankekart. Det som kan demotivere elevar er at dei må begynne på nytt å skrive, med elektronisk tankekart trenger det ikkje å vere tilfellet. Ein kan eksportere tekst og styre på. Eg kan sjå for meg at eg begynner på tankekartet når masteroppgåva mi startar og når eg er ferdig med masteren har eg utvikla tankekartet heile vegen.


Link til eit tankekart.. Test:) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar