tirsdag 17. januar 2012

Web 2.0


Facebook er eit sosial medium som ungdommar i grunnskulen nyttar mykje. Kva kan ein gjere for å nytte den bruken til noko positivt innan for skulen sine rammer?

Eg har starta ei gruppe på FB som heitar samfunnsfag 8-10. Der kan ein diskutere faglige spørsmål mellom himmel og jord. Mange av mine elevar brukar FB og spør om ting dei undrast på. Dei brukar og FB til og spørje kva eg meina med den og den formuleringa. Det er viktig å forstå at uansett kor godt/enkelt ein prøver å formulere seg for elevane, er det alltid nokon som ikkje skjønner. Her har mine elever til ein viss grad vore flink og brukt FB-meldingar til og spørje meg kva eg meina med formuleringane mine.

Det å bruke FB i timane er noko eg ikkje ønskjer. Gruppa eg har laga er eit alternativ som skal brukast etter skuletid, der eleven kan bruke FB til systematisk fagbruk. Eg veit at det er elevar som «snike» til seg bruk av FB i mine timar, men det er ikkje noko stort problem. Eg er veldig klar og tydelig på korleis eg vil at timane mine skal fungere. Kor mykje FB fremmar digital kompetanse er nok eit spørsmål som blir stilt. 

Det å bruke FB som eit digital verktøy er fullt ut mulig, men bruk i timane fører nok til mange avsporingar på grunn av det er mange uromoment som følgjer med. Venner og sosiale happeningar «events», nye bilde og liknande.  Vere kritisk til bruken av web 2.0 er ein nødvendigheit, men ein må ikkje legge det på hylla. Ein lærar bør vere «sugen» på ny viten om korleis nettet blir brukt på. Bruken av sosialt web bør ikkje vente på meir forsking eller politiske utsegn. Læraren i klasserommet kan jobbe parallelt med utviklinga på dette området. Bruken av web 2.0 kan virke motiverande for elevane som ofte kan føle at timane er keisame. Eg brukar CSCL både i RLE og samfunnsfag.