fredag 13. april 2012

Informasjonskunnskap


Informasjonskompetanse 

Viss ein leitar i SNL definerst informasjonskompetanse som ei samling av ferdigheiter som gjere ein person i stand til å identifisere når informasjon er nødvendig, og som setter vedkommande i stand til å lokalisere, vurdere og effektivt anvende den informasjonen. Ein såkalla «betrevitande» er kanskje ein person med manglande informasjonskompetanse. Veit lærarar alltid når det er smart å innhente ny informasjon? Eit menneskje som har gått ei rett line, frå 1 klasse til avslutta adjunkt utdanning og rett i jobb som lærar. Kva veit dei om samfunnet? Kva for ein informasjonskunnskap har dei? Er dei «betrevitande» unge «radikale» menneskjer som trur dei har tatt på seg verdens viktigaste oppgåve? Kanskje? Kva veit eg om det! Eg trudde sjølv eg hadde verdens viktigast oppgåve, når eg fekk mitt første arbeid. Eg jobba som bakar å skulle brødfø samfunnet. Eg var ung og hadde mange meiningar. Etter 14 år i det private næringsliv fekk eg jobb som lærar. Eg kan med handa på hjarte seie at mine 14 år i forskjellige jobbar, gjev meg ein kompetanse som ein/ei som jobbar i skulen heile livet, aldri vil få. Kanskje dette provoserer nokre leserar, men den sjansen tar eg i min eigen blogg. Eg meina ikkje at eg er ein betre lærar, men eg har erfaringar, som kanskje gjeve meg muligheita til å forstå elevane på ein annan måte, enn reine observasjonar i klasserommet og i skuleområda. Som det sto i SNL «stand til å identifisere når informasjon er nødvendig.» Eg trur ei brei erfaring å jobbe med menneskjer i mange forskjellige situasjonar er ein stor fordel. Klare ein å kombinere den breie erfaringa og dei pedagogiske evnene på ein god måte, og har nok erfaring til både vurdere effektiv og anvende nødvendig informasjon, vil eg seie at den nødvendige informasjonskompetansen er til stades. Eg vil påpeike at om 10 år eller før, har eg kanskje andre meiningar om temaet, men det orke eg ikkje å spekulere på no. J


torsdag 12. april 2012

Barn og unges digitale arena


Datagenerasjonen

For datagenerasjonen er datateknologien noko sjølvsagt. Teknologien er ikkje meir "framand" eller mystisk enn det til dømes lysbrytarar og TV var for generasjonane før dei.(Mediegenerasjonen, 2009). Ein kan undrast på om datagenerasjonen i dag, veit meir enn før? Eg sikta til allmennkunnskap. Sjølvsagt må ein definere sjølv ordbruken allmennkunnskap. Kunnskap er dynamisk og forandrar seg med tida. Sidan eg studerar historie legg eg mykje vekt på at allmennkunnskap er å forstå samfunnet rundt oss og korleis det er bygd opp. Datagenerasjonen lever i eit samfunn som er "metta" på informasjon, men eg trur at denne generasjonen ofte er veldig selektiv på kva for nokre måtar dei brukar dette verktøyet. Av mine elevar i 10. klasse er det bare ein som lese nettaviser. Når vi har vekenytt så scorar han alltid 11 eller 12 poeng av 12 mulige. Ein elev sa til meg: "Ikkje rart at han alltid får så god score, han lese jo alltid på dagbladet og vg sine nettsider." Det var med ein nedlatane tone han forsvarte laget sitt dårlige resultat. Slike haldningar er viktig å stogge. Ein kan ikkje ha det slik at elevar som er samfunnsengasjerte og lese andre ting enn "pakket" generelt blir sett ned på. Eg trur nok ikkje det er sånn i samfunnet vårt generelt. Når eg gjekk på ungdomskulen var det status å vere samfunnsengasjert. PS eg reknar meg sjølv som med i datagenerasjonen. Hadde commodore 64 frå 1983/4 :)

Det er viktig at ein lærar elevane om kjeldekritikk. Eit internett med mykje fiksjon og propaganda er vanskeleg for unge og sortere. Derfor er det viktig å vere kritisk til ope bruk av nettet når ein til dømes skal ha eit prosjekt. Ein kan sjå dette som ei vidareføring av skriftspråkets høge stilling i skuleverket, slik at elevane trur at all skriven tekst er sanning, om det no er på internett, i pressa eller i bøker. Tal vise at denne haldningen har blitt betre dei siste åra. 

Litteratur:

Hagen Ingunn og Wold Thomas: Mediegenerasjonen 2009, barn og unge i det nye ,medialandskapet, samlaget



Animasjonsfilm


Idédugnad på kva som skal vera med:

-      Kva skal tema vere? Eg saman med medstudent bestemte oss for at det skulle vere ein reklameanimasjon, om kor viktig det er å smile.
-      Produktet er det fysiske smilet
-      Plastelina, kamera, photo story 3, pc, mikrofon

Synopsis: Filmen skal handle om at viss ein smiler, blir det fleire venner på deg. Kva for nokre positive utslag eit smil kan gje.
Problem: Ein kar har ikkje venner og han er alltid sur. Dei han vil vere venner med, vil ikkje vere venn med han. Brått så skjer det ein forandring i livet hans, han får eit «kall» som seie at han skal prøve å smile.
Han løyste problemet sitt med å smile, så kom vennane til han og han vart lykkelig.
Eg syns det var eit litt tungtvint program. Håpar andre kan hjelpe meg her, men at ein måtte inn å redigere kvart eit bilde er tidkrevjande. Sjølve filmen er ikkje av høg kvalitet og noko uskarp, men eg har lært korleis ein brukar slike program og det er jo flott! Eg hadde ikkje stativ og det merkast godt på den lille animasjonen som eg har laga. Eg legge ut manus også. Eg valgte å ikkje legge musikk til historien.  Eg har fått med meg så pass at det var ein lav treskel å sette i gang eit prosjekt i 8, 9 og 10 klasse. 

Håpar nokon syns historia er morosam:) Eg lo mykje... :)

Historia

Kva skal til for å få venner, tenkte Bur-Ulf der han sto og var sur.
Dei andre har alltid nokon å vere med, men eg har det aldri.

Lenger bort: Grøn-Ulf, Glad-Ulf og Ulf leika saman og hadde det veldig kjekt. Dei leika smileleiken

Det var ein leik Bur-Ulf ikkje kunne og derfor syns han at leiken var veldig teit.

Dei andre kom bort til Bur-Ulf, men Bur-Ulf bare sturte og dei gjekk for å leike vidare utan Bur-Ulf

Bur-Ulf vart veldig lei seg og tårene ramla nedover kinna hans, lik ei demning som hadde sprukke. KVIFOR har eg ikkje vener gret Bur-Ulf

Brått som eit vondt mageplask følte han at nokon såg på han. "Kven er du?" undrast Bur-Ulf.

«Eg er ein som ordnar ting», var svaret han fekk.

Hmm! Bur-Ulf tenkte; "Korleis skal eg få venner?"

«Han som ordnar ting» svara: "Du skal ikkje la munnvikane kvile, løft dei opp og du skal begynne å smile. Da får du venner."

Bur-Ulf slutta å grine og trakk på seg eit smil

Lengre bort: Dei såg at Bur-Ulf begynte å smile. Det hadde vore kjekt med ein til tenkte dei. Brått hadde Bur-Ulf venner og levde lykkelig resten av dagen.

onsdag 11. april 2012

Samansette tekstar våren 2012


Eleven og ein PC

Viss ein bestemmer seg for at eleven skal ha «ansvar for eigen lære» og gjev han ei datamaskin. Kva vil da skje? Etter eit år med at eleven har få styre meir sjølv på foran pcen, ser eg at eleven dessverre er oftare på fjesboka og andre sosiale nettverk enn viss restriksjonane er strammare. Det går nok litt troll i år med: ”Å sette barn eller ungdom til å ”ta ansvar for egen læring” med en nett-tilkoblet PC, er som å be noen gjennomføre slankekur midt i en gratis godtebutikk” Andreas Wiese.

Eg har nett no avslutta eit 4 vekers prosjekt med 8-9 klasse som ei gruppe og 10 klasse som ei. 8-9 klasse hadde stadig oppsyn med læraren, mens 10-klasse skulle ha meir sjølvstudium og mindre stramme liner. Det vart litt meir sporadisk og dei fekk jobbe meir på eigne vilkår. Ein skulle lage ein samansett tekst som skulle innehalde både animasjon, lyd og tekst. Dei fekk alle ein arbeidsplan og med framovervurdering når det trengtes eller når dei ønskte det. Det som var påfallande var at 10 klasse aldri kom og spurde om hjelp. Det skjedde bare når eg sjølv kom fysisk bort til elevane. 8-9 klasse som hadde strammare linjer kom til lærarane «nesten» altfor ofte. Etter fullført prosjekt kunne 8-9 vise fram fint resultat, mens 10 klasse vart aldri ferdige. Det er kanskje lett å konkludere med at det alltid ville ha blitt sånn og eg kanskje aldri burde ha forsøkt det, men eg trur at det har litt med klassesamansetjinga å gjere. Spesielt med små klasser, som eg har. Eg kan vel uansett konkludere med at elevane er avhengige av oss.