Idédugnad på kva som skal vera med:
-
Kva skal tema
vere? Eg saman med medstudent bestemte oss for at det skulle vere ein
reklameanimasjon, om kor viktig det er å smile.
-
Produktet er det
fysiske smilet
-
Plastelina,
kamera, photo story 3, pc, mikrofon
Synopsis: Filmen skal handle om at viss ein smiler, blir det
fleire venner på deg. Kva for nokre positive utslag eit smil kan gje.
Problem: Ein kar har ikkje venner og han er alltid sur. Dei
han vil vere venner med, vil ikkje vere venn med han. Brått så skjer det ein
forandring i livet hans, han får eit «kall» som seie at han skal prøve å smile.
Han løyste problemet sitt med å smile, så kom vennane til
han og han vart lykkelig.
Eg syns det var eit litt tungtvint program. Håpar andre kan
hjelpe meg her, men at ein måtte inn å redigere kvart eit bilde er tidkrevjande.
Sjølve filmen er ikkje av høg kvalitet og noko uskarp, men eg har lært korleis ein brukar
slike program og det er jo flott! Eg hadde ikkje stativ og det merkast godt på den lille animasjonen som eg har laga. Eg legge ut manus også. Eg valgte å ikkje legge musikk til historien. Eg har fått med meg så pass at det var ein
lav treskel å sette i gang eit prosjekt i 8, 9 og 10 klasse.
Håpar nokon syns historia er morosam:) Eg lo mykje... :)
Historia
|
|
Kva skal til for å få venner, tenkte Bur-Ulf der han sto og var sur.
Dei andre har alltid nokon å vere med, men eg har det aldri.
Lenger bort: Grøn-Ulf, Glad-Ulf og Ulf leika saman og hadde det
veldig kjekt. Dei leika smileleiken
Det var ein leik Bur-Ulf ikkje kunne og derfor syns han at leiken var
veldig teit.
Dei andre kom bort til Bur-Ulf, men Bur-Ulf bare sturte og dei gjekk
for å leike vidare utan Bur-Ulf
Bur-Ulf vart veldig lei seg og tårene ramla nedover kinna hans, lik
ei demning som hadde sprukke. KVIFOR har eg ikkje vener gret Bur-Ulf
Brått som eit vondt mageplask følte han at nokon såg på han. "Kven er
du?" undrast Bur-Ulf.
«Eg er ein som ordnar ting», var svaret han fekk.
Hmm! Bur-Ulf tenkte; "Korleis skal eg få venner?"
«Han som ordnar ting» svara: "Du skal ikkje la munnvikane kvile, løft
dei opp og du skal begynne å smile. Da får du venner."
Bur-Ulf slutta å grine og trakk på seg eit smil
Lengre bort: Dei såg at Bur-Ulf begynte å smile. Det hadde vore kjekt
med ein til tenkte dei. Brått
hadde Bur-Ulf venner og levde lykkelig resten av dagen.
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar