onsdag 11. april 2012

Samansette tekstar våren 2012


Eleven og ein PC

Viss ein bestemmer seg for at eleven skal ha «ansvar for eigen lære» og gjev han ei datamaskin. Kva vil da skje? Etter eit år med at eleven har få styre meir sjølv på foran pcen, ser eg at eleven dessverre er oftare på fjesboka og andre sosiale nettverk enn viss restriksjonane er strammare. Det går nok litt troll i år med: ”Å sette barn eller ungdom til å ”ta ansvar for egen læring” med en nett-tilkoblet PC, er som å be noen gjennomføre slankekur midt i en gratis godtebutikk” Andreas Wiese.

Eg har nett no avslutta eit 4 vekers prosjekt med 8-9 klasse som ei gruppe og 10 klasse som ei. 8-9 klasse hadde stadig oppsyn med læraren, mens 10-klasse skulle ha meir sjølvstudium og mindre stramme liner. Det vart litt meir sporadisk og dei fekk jobbe meir på eigne vilkår. Ein skulle lage ein samansett tekst som skulle innehalde både animasjon, lyd og tekst. Dei fekk alle ein arbeidsplan og med framovervurdering når det trengtes eller når dei ønskte det. Det som var påfallande var at 10 klasse aldri kom og spurde om hjelp. Det skjedde bare når eg sjølv kom fysisk bort til elevane. 8-9 klasse som hadde strammare linjer kom til lærarane «nesten» altfor ofte. Etter fullført prosjekt kunne 8-9 vise fram fint resultat, mens 10 klasse vart aldri ferdige. Det er kanskje lett å konkludere med at det alltid ville ha blitt sånn og eg kanskje aldri burde ha forsøkt det, men eg trur at det har litt med klassesamansetjinga å gjere. Spesielt med små klasser, som eg har. Eg kan vel uansett konkludere med at elevane er avhengige av oss.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar