For å kunne utvikle
tryggleik og forståing for dramaturgi, bildespråk og ulike virkemiddel i andre
typer tekster, krevjar det for mange ein kompetanseheving. Ein kan gjere dette
kollektivt, ved at lærarane samen ser og diskuterer samansette tekstar
produsert av elevar, eller ved lesing av relevant faglitteratur, ev kan ein
vidareutdanne seg.
Kva er hovudmotivet og
kva er intensjonen med bildet?
Når ein fotograf tar
eit bilde er det ofte at fotografen vil at ein skal ha fokus på eit
hovudobjekt, men sjølvsagt ikkje kvar gang. Bilete kan vere abstrakt og
nonfigurativt. Det finnes mange måtar å få eit betre bilde. Ein kan endre
ståstad, ein kan ha fugleperspektiv, ein nøytral bakgrunn, ein kan prøve å ta
bilde nedafrå og oppover. Bryte opp i «landskapet» med til dømes ein raudmala
stein?
Det er ting ein bør
passe på viss ein eksperimentera, til dømes at det ikkje blir for mykje luft.
På eit menneske kan ein til dømes ta bilete av ansiktet. Viss ein vil ha rørsle
i bilete er det viktig med litt luft, slik at ikkje bilde virka klemt. Ein måte
å få fram eit hovudobjekt er å bruke dybdeskarpehet.
Det å legge ein plan
for bilde er nyttig. Viss ein brukar medviten sin å vurderar korleis lyset kan
framheve motivet er eit bra fokus. Skuggar på fjell, hus, speil bilete på sjøen
kan brukast aktiv for å få fram eit godt bilde. Kan prøve å ta bilde i medlys,
side lys og i motlys. Da får ein fram forskjellige opplevingar av motivet.
Det å plassere motivet
er viktig. Viss eit bilete består av meir enn eit hovudmotiv, kan ein snakke om
primærområde og eit sekundærområde. Viss ein prøvar å flytte på det eine
hovudobjektet kan det forandre seg frå primær til sekundær.
