torsdag 24. november 2011

Internett som reiskap



Eg skal forklare mitt kollegiet på skulen min kva internett er, og korleis det fungerar. Eg skal da på ein enkel måte forklare desse kva ein kan bruke internett til og litt korleis det virke.

Internett



Nettverk er eit system samankopla komponentar. Når ein i Oslo kan gå på toget og komme seg til Bodø er det ei samankopling av mange togbaner som gjev deg  muligheita til å komme deg opp.  Når ein skal reise til Syden er ein avhengig av bussar, tog, fly, taxi og meir for å komme seg til destinasjonen. Visst ein seie at bussar er eit nettverk, tog er eit nettverk og fly eit anna,  og ein koplar det saman får ein eit ”internasjonalt” nettverk. Det kalla ein eit transportnettverk. Når ein går inni datamaskina si verd fungerar det mykje på same måte. Det krevjast ei kopling mellom mange  datamaskiner og servere[1] for å få ”transporten” til å fungere. Internett er eit system der alle datamaskiner i verda kan dele informasjon. Alle heimar som har eit internett abonnement kan logge seg på det nettverket og reise rundt om i heile verda med si eiga datamaskin.



[1] Ein tener, også kalla ein server eller sørvar, er en programvare som tilbyr («serverer») ein eller fleire tenester til andre datamaskiner (klientar) over eit datanettverk.

Tilgang til servicetenestar

På internett kan ein no utføre ulike gjeremål  utan å forlate heimen. Det kan vere banktenester via nettbank, søkje jobbar, levere sjølvmeldinga, tinge varer for å nemne noko.

Kunnskap er makt, og digital kompetanse er ein av basisdugleikane som er omtala i Kunnskapsløftet (KL06).  I heftet ”  DIGITAL SKOLE HVER DAG– om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringa” utgitt av Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning er digital kompentanse definert slik: ”Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet.” http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf

Dette inneberer at internett er ein reiskap som fremmar digital kompetanse. Internett er såleis ein viktig arena for læring. Eg skal kort gjere greie for ulike område der internett står sentralt i skulekvardagen, og kva nytte elevar og lærarar har av desse.

Dei aller fleste kommunar er i dag knytt til ein eller anna form for læringsplattform. Det vere seg It’s learning eller Fronter. Dette er webbaserte løysingar som er utvikla særleg for utdanningssektoren. Dette digitale klasserommet gir lærar og elevar høve til å kommunisere utover og utanfor det fysiske klasserommet på skulen.  Her kan læraren legge ut spesifikk informasjon til elevane, lage oppgåver, gje respons på innleveringar og gjennomføre fortløpande vurdering både på oppgåver og korleis eleven ligg i høve måloppnåinga i dei ulike faga. I tillegg kan læraren leggje ut lenker til anna relevant fagstoff. På den måten kan ein og seie at det digitale klasserommet eller læringsplattformene gir stort høve for tilpassa undervisning.
Tradisjonelt har læreboka stått sentralt i skulen. Fleire forlag har no lagt ut lærebøkene digitalt. Dette gjer det mogleg for elevane å la læreboka ligge på skulen, og hente fram den digitale boka heime om han ynskjer. Forlaga har og laga nettsider til enkelte av bøkene, der ein kan finne fleire oppgåver, lenkjer til tilleggslitteratur og m.a. pedagogiske spel.


Visualisering av kunnskap – Bilete, lyd og film

Internett har gjort det mogleg for læraren å kunne visualisere undervisninga si med å bruke internett.  Ein kan laste ned bilete, lydklipp eller filmsnuttar til bruk i dei ulike emna og faga.

Mangfold  i informasjon og kunnskap.

Internett har gjort det mogleg å søkje ,innhente informasjon og kunnskap  på ein enkel måte. Dette kan ein gjere ved å nytte seg av ulike leksikon ,oppslagsverk, publiserte artiklar osv. som ligg på internett.  ’

Læringsstrategiar

”…elevene må utvikle gode strategier for det å lære å lære; å kunne finne rett informasjon til de oppgavene og problemstillingane de skal lære” .”   (Ola Erstad:Digital kompetanse i skole,  2010:23)  Ulike innfallsvinklar på fagstoffet gir elevane større innsikt i eiga læring og såleis større rom for refleksjon. I denne samanhang vert internett, den informasjonen og kunnskapen som ligg der viktig.
                       


Litteraturliste
Bård Kjos (red.) Innføring i informasjonsteknologi, Tapir Akademisk Forlag 2008 utgåve 6.
Ola Erstad Digital kompetanse i skolen, Universitetsforlaget 2010



[1] Nettsamfunnet har meir enn 500 millionar aktive brukarar på verdsbasis, og anslått 2 400 000 norske brukarar per 6. oktober 2010 (http://no.wikipedia.org/wiki/Facebook



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar