Grunnleggjande ferdigheit i
kunnskapsløftet - å kunne bruke digitale verktøy:
Å kunne bruke digitale verktøy i
samfunnsfag inneber å gjere berekningar, søkje etter informasjon, utforske
nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett og velje ut relevant informasjon om
faglege tema. Digitale ferdigheiter vil òg seie å vere orientert om personvern
og opphavsrett, og kunne bruke og følgje reglar og normer som gjeld for
internettbasert kommunikasjon. Å bruke digitale kommunikasjons- og
samarbeidsreiskapar inneber å utarbeide, presentere og publisere eigne og
felles multimediale produkt, kommunisere og samarbeide med elevar frå andre
skular og land.
Og for rekning:
kunne rekne i samfunnsfag inneber å
behandle og samanlikne talmateriale om faglege tema, og å bruke, tolke og lage
tabellar og grafiske framstillingar. Rekning i samfunnsfag handlar òg om å
gjere undersøkingar med teljing, bruke målestokk på kart og rekne med tid.
Samfunnsfag er eit fag eg
«elskar» å undervise. Det at eg har god kompetanse innan historie og
samfunnskunnskap er viktig, men engasjementet eg har for faget teller nok enda
meir. Det å prøve å dra linjer og få elevane til å drøfte gjev meg stor glede.
No som eg får betre kompetanse innan det digitale feltet, og ikkje minst nye
idear, får meg til å glede meg enda meir til å reise på jobb.
Oppgåve
Finn kompetansemål som kan knyttast opp mot bruk av rekneark
og funksjonane i rekneark for skuleslaget du arbeider i.
Læreplan
i samfunnsfag
Føremål:
… Arbeid i faget skal stimulere til å drøfte
samanhengar mellom produksjon og forbruk og vurdere konsekvensar som
ressursbruk og livsutfalding har på miljøet og ei berekraftig utvikling.
Samfunnsfaget skal og utvikle kunnskap om arbeidsliv og økonomi[1]…
Her er det mange muligheiter for bruk av Excel. Ein
kan lage statestikkar om bruk, kast og handel. Kor fort til dømes ein
ikkje-fornybar resurs kan bli brukt opp viss ein brukar så og så mykje. Ein kan
legge inn i Excel utrekningar som vise kva for eit årstall resursen vil bli
brukt opp. Viss ein tenkjar seg at ei veke får familien Taskekrabben eit
årsforbruk med fisk. Ein får 100 fisk. Ein kan bruke Excel å vise elevane kor
fort ein resurs kan bli oppbrukt viss ein ikkje passar på den. Sjølv om det er
estimert som eit årsforbruk. Sløsar ein med fisken vil den kanskje ikkje vare
lenger enn eit halvt år. Ein kan lage statstikkar om avfall. Det er vel
kanskje bare kreativiteten som stoppar deg.
J
Litteraturliste:
Rekneark 2 DKL101 hausten 2011
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar