lørdag 26. november 2011

Internett og etikk


Internett og etikk
Når ein skal tilby Internett til barn og unge, er det viktig at vi er klar over og tar omsyn til dobbelheita som ligger i dette mediet. Eg syns det er viktig at foreldre, lærarar og diverse pedagogar å sette seg inn i den verden. I standen for å komme med fraser som «før så brukte vi naturen til ditt og datt». «Denne utviklinga kan bare gå ein veg» osv. Det er viktig at vi stiller opp for barna våre og guidar dei inn i ei ukjent verd. Ta ansvar!

«Noe av denne dobbeltheten gjenspeiles i skolens lovverk, som uavhengig av teknologiens muligheter og begrensninger slår fast:»[1]
Opplæringa i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa skal fremje menneskeleg likeverd og likestilling, åndsfridom og toleranse, økologisk forståing og internasjonalt medansvar. […]
Alle som er knytte til skolen eller til lærebedriftene, skal arbeide for å hindre at elevar og lærlingar kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar. (Opplæringslova §1-2, Formål med opplæringa)

Denne vise at på den eine sida skal det vere opneheit, men på den andre sida vere avgrensa og beskyttelse for eleven?

Ein må her komme innpå ein etisk debatt om korleis bruk av Internett skal vere i skulen. Digital mobbing og andre konsekvensar var noko eg ikkje hadde noko om i skulen, men som eg ser, er nødvendigheita rundt det temaet er stort.  Det å bygge opp ein «etisk ryggrad» er viktig meina eg. Lage «køyrereglar», vise omsyn og vere varsam.

Korleis bruke Internett på ein måte som gjere at ein ikkje sårar andre og seg sjølv i ein verden av mogligheiter og ingen grenser. Det er viktig og tenkje over at både mottakar og sendar av nettet kan hamne i etiske dilemma. Dette er noko skulen bør diskutere. Det å ta det opp i team-møta meina eg kan vere ein god ide. Da kan ein å diskutere lærarane og leiarane sin kompetanse og fokus på dette området. Få opna auga og vere flinkare til å hjelpe elevane til ei tryggare internett-framtid.

Litteraturliste

RLE og Film


FILM OG BILDE OG FAGET RLE

Læreplan i religion, livssyn og etikk
Å kunne bruke digitale verktøy i RLE er en hjelp til å utforske religionar og livssyn for å
finne ulike presentasjonar og perspektiver. En viktig ferdighet er å kunne benytte digitalt
tilgjengelig materiale, som bilder, tekster, musikk og film på måter som forener kreativitet
med kildekritisk bevissthet. Digitale medier gir nye muligheter for kommunikasjon og dialog
om religioner og livssyn. Disse mediene gir også muligheter for bred tilgang til materiale om
aktuelle etiske problemstillinger.

RLE og Film
Det å bruke film og bilde i RLE syns eg er ein god måte og elevane meir motivert. Den «tradisjonelle» undervisninga i RLE, om eg kan vere så dristig å bruke dei orda. Meiningsmålingar blant elevar vise at RLE er det faget flest mislikar. Eg underviser i RLE og det er mitt første år. Eg har tenkt litt «utradisjonelt» og tenkte mykje på korleis skal eg få elevane til å like RLE. Etter eit halvt år no har eg fått tilbake meldingar som eg aldri kunne ha rekna med. Elvar i 10 klasse snakkar med ynger elevar og seie «at RLE i 8-9 er kjempe kjipt, men de må glede dykk til 10 klasse for da er det kjempe kjekt».

Korleis skal ein klare å få dei til å like filosofi? Eg har brukt mykje film og bilde i den delen av undervisninga. Vi har sett filmen Forrest Gump. Vi går igjennom filmen sine filosofiske tankar og til dømes kva vil det seie å vere dum? Kva er ein dum person? Dette fekk elevane til å bli «litt» engasjerte. Filmen Forrest Gump har mange filosofiske tema og handlar og ein del om gudstrua. Det at dei får lov til å utfolde seg på den måten gjere at dei blir engasjerte i faget. Det finnes mange måtar og undervise innan for RLE og for meg er bilde og film klart det viktigaste verktøyet!


torsdag 24. november 2011

Internett som reiskap



Eg skal forklare mitt kollegiet på skulen min kva internett er, og korleis det fungerar. Eg skal da på ein enkel måte forklare desse kva ein kan bruke internett til og litt korleis det virke.

Internett



Nettverk er eit system samankopla komponentar. Når ein i Oslo kan gå på toget og komme seg til Bodø er det ei samankopling av mange togbaner som gjev deg  muligheita til å komme deg opp.  Når ein skal reise til Syden er ein avhengig av bussar, tog, fly, taxi og meir for å komme seg til destinasjonen. Visst ein seie at bussar er eit nettverk, tog er eit nettverk og fly eit anna,  og ein koplar det saman får ein eit ”internasjonalt” nettverk. Det kalla ein eit transportnettverk. Når ein går inni datamaskina si verd fungerar det mykje på same måte. Det krevjast ei kopling mellom mange  datamaskiner og servere[1] for å få ”transporten” til å fungere. Internett er eit system der alle datamaskiner i verda kan dele informasjon. Alle heimar som har eit internett abonnement kan logge seg på det nettverket og reise rundt om i heile verda med si eiga datamaskin.



[1] Ein tener, også kalla ein server eller sørvar, er en programvare som tilbyr («serverer») ein eller fleire tenester til andre datamaskiner (klientar) over eit datanettverk.

Tilgang til servicetenestar

På internett kan ein no utføre ulike gjeremål  utan å forlate heimen. Det kan vere banktenester via nettbank, søkje jobbar, levere sjølvmeldinga, tinge varer for å nemne noko.

Kunnskap er makt, og digital kompetanse er ein av basisdugleikane som er omtala i Kunnskapsløftet (KL06).  I heftet ”  DIGITAL SKOLE HVER DAG– om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringa” utgitt av Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning er digital kompentanse definert slik: ”Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet.” http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf

Dette inneberer at internett er ein reiskap som fremmar digital kompetanse. Internett er såleis ein viktig arena for læring. Eg skal kort gjere greie for ulike område der internett står sentralt i skulekvardagen, og kva nytte elevar og lærarar har av desse.

Dei aller fleste kommunar er i dag knytt til ein eller anna form for læringsplattform. Det vere seg It’s learning eller Fronter. Dette er webbaserte løysingar som er utvikla særleg for utdanningssektoren. Dette digitale klasserommet gir lærar og elevar høve til å kommunisere utover og utanfor det fysiske klasserommet på skulen.  Her kan læraren legge ut spesifikk informasjon til elevane, lage oppgåver, gje respons på innleveringar og gjennomføre fortløpande vurdering både på oppgåver og korleis eleven ligg i høve måloppnåinga i dei ulike faga. I tillegg kan læraren leggje ut lenker til anna relevant fagstoff. På den måten kan ein og seie at det digitale klasserommet eller læringsplattformene gir stort høve for tilpassa undervisning.
Tradisjonelt har læreboka stått sentralt i skulen. Fleire forlag har no lagt ut lærebøkene digitalt. Dette gjer det mogleg for elevane å la læreboka ligge på skulen, og hente fram den digitale boka heime om han ynskjer. Forlaga har og laga nettsider til enkelte av bøkene, der ein kan finne fleire oppgåver, lenkjer til tilleggslitteratur og m.a. pedagogiske spel.


Visualisering av kunnskap – Bilete, lyd og film

Internett har gjort det mogleg for læraren å kunne visualisere undervisninga si med å bruke internett.  Ein kan laste ned bilete, lydklipp eller filmsnuttar til bruk i dei ulike emna og faga.

Mangfold  i informasjon og kunnskap.

Internett har gjort det mogleg å søkje ,innhente informasjon og kunnskap  på ein enkel måte. Dette kan ein gjere ved å nytte seg av ulike leksikon ,oppslagsverk, publiserte artiklar osv. som ligg på internett.  ’

Læringsstrategiar

”…elevene må utvikle gode strategier for det å lære å lære; å kunne finne rett informasjon til de oppgavene og problemstillingane de skal lære” .”   (Ola Erstad:Digital kompetanse i skole,  2010:23)  Ulike innfallsvinklar på fagstoffet gir elevane større innsikt i eiga læring og såleis større rom for refleksjon. I denne samanhang vert internett, den informasjonen og kunnskapen som ligg der viktig.
                       


Litteraturliste
Bård Kjos (red.) Innføring i informasjonsteknologi, Tapir Akademisk Forlag 2008 utgåve 6.
Ola Erstad Digital kompetanse i skolen, Universitetsforlaget 2010



[1] Nettsamfunnet har meir enn 500 millionar aktive brukarar på verdsbasis, og anslått 2 400 000 norske brukarar per 6. oktober 2010 (http://no.wikipedia.org/wiki/Facebook



lørdag 19. november 2011

Samfunnsfag og rekneark


Grunnleggjande ferdigheit i kunnskapsløftet - å kunne bruke digitale verktøy:

Å kunne bruke digitale verktøy i samfunnsfag inneber å gjere berekningar, søkje etter informasjon, utforske nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett og velje ut relevant informasjon om faglege tema. Digitale ferdigheiter vil òg seie å vere orientert om personvern og opphavsrett, og kunne bruke og følgje reglar og normer som gjeld for internettbasert kommunikasjon. Å bruke digitale kommunikasjons- og samarbeidsreiskapar inneber å utarbeide, presentere og publisere eigne og felles multimediale produkt, kommunisere og samarbeide med elevar frå andre skular og land.
Og for rekning:
kunne rekne i samfunnsfag inneber å behandle og samanlikne talmateriale om faglege tema, og å bruke, tolke og lage tabellar og grafiske framstillingar. Rekning i samfunnsfag handlar òg om å gjere undersøkingar med teljing, bruke målestokk på kart og rekne med tid.

Samfunnsfag er eit fag eg «elskar» å undervise. Det at eg har god kompetanse innan historie og samfunnskunnskap er viktig, men engasjementet eg har for faget teller nok enda meir. Det å prøve å dra linjer og få elevane til å drøfte gjev meg stor glede. No som eg får betre kompetanse innan det digitale feltet, og ikkje minst nye idear, får meg til å glede meg enda meir til å reise på jobb.

Oppgåve
Finn kompetansemål som kan knyttast opp mot bruk av rekneark og funksjonane i rekneark for skuleslaget du arbeider i.

Læreplan i samfunnsfag
Føremål:
… Arbeid i faget skal stimulere til å drøfte samanhengar mellom produksjon og forbruk og vurdere konsekvensar som ressursbruk og livsutfalding har på miljøet og ei berekraftig utvikling. Samfunnsfaget skal og utvikle kunnskap om arbeidsliv og økonomi[1]
Her er det mange muligheiter for bruk av Excel. Ein kan lage statestikkar om bruk, kast og handel. Kor fort til dømes ein ikkje-fornybar resurs kan bli brukt opp viss ein brukar så og så mykje. Ein kan legge inn i Excel utrekningar som vise kva for eit årstall resursen vil bli brukt opp. Viss ein tenkjar seg at ei veke får familien Taskekrabben eit årsforbruk med fisk. Ein får 100 fisk. Ein kan bruke Excel å vise elevane kor fort ein resurs kan bli oppbrukt viss ein ikkje passar på den. Sjølv om det er estimert som eit årsforbruk. Sløsar ein med fisken vil den kanskje ikkje vare lenger enn eit halvt år. Ein kan lage statstikkar om avfall. Det er vel kanskje bare kreativiteten som stoppar deg.
J

Litteraturliste:

Rekneark 2 DKL101 hausten 2011


[1] http://www.udir.no/Lareplaner/Grep/Modul/?gmid=0&gmi=156048

Excel i skulen


Det å bruke Excel i andre fag enn matte må eg innrømme at eg ikkje har tenkt så mykje på. Eg tenkte vel som så at Excel hørte matematikkfaget til. Kunnskapsløftet har fokus på matematikk i alle fag. Det er da god meining i å generelle kunnskaper om regneark. Eg vil vidare i bloggen skrive Excel i staden for regneark. I lærarutdanninga blir Excel brukt i varierande grad. Det å lese igjennom å jobbe med «Excel-innføring, Datakortet», er til god hjelp for dei som har ingen erfaring. Dette er ei lett innføring av programmet.  Den «berømte» inngangsterskelen kan bli noko lågare da.

Excel i kroppsøving- er eit døme med overføringsverdi. I kroppsøvingstimen kan ein til dømes ha høgdehopp. Elevane hoppar 5-10 ganger og noterer ned resultata sine. I matematikktimen tar elevane fram sine resultat og noterer dei ned i Excel. Ved å bruke funksjonen =SUMMER kan ein finne ut kor høgt elevane hadde hoppa samanlagt. Ein kan spør om fleire ting. Til dømes

-          Kva var gjennomsnittlig kastelengde?
-          Kva var det kortaste kastet?
-          Kva var det lengste kastet?
-          Kor mange hoppa over 1 meter?
-          Kor mange hoppa over 1.30 meter?



Ein kan ta vare på resultata å prøve på nytt igjen til våren. Etter nokre år kan og elevane gå inn å drøfte resultata år etter år. På den måten får ein og ein historisk innsikt som kan vere nyttig i andre fag. Det å lese tabellar og tolke resultat kan gje elevane mange spennande opplevingar.

I samfunnsfag kan ein bruke Excel og kart. Lære seg geografien med å jobbe med breddegrader og lengdegrader. Dette synast eg blir spennandes til våren da eg skal prøve å bruke Excel aktivt i samfunnsfag. Eg veit ikkje kor mykje skulen min brukar Excel, men etter eit år på jobb ser eg lite til det. Dermed har eg ein liten konklusjon oppe i mitt hovud, eller mildt sagt ei generalisering. Eg må kanskje lære elevane opp litt i Excel, men på same måte som CSCL og diverse andre ting eg har lært med dette studie, har elevane tatt det fort til seg «eg har prøvd ut mykje av det vi studerer». Eg reknar med at det ikkje kjem til å by på store problem. 

Det at elevane lære seg å bruke digitale verktøy på ein måte som kan nyttast godt i jobbsamanheng er viktig. Når eg var ung. Kremt yngre. Likte eg å leike med Excel. Det var spennandes og noko eg brukte mykje tid på. Eg laga tabellar, formaler og mykje anna. Det er eg veldig takknemleg for i dag.  Tanken da var å finne på noko som var moro og leik. Utfordringa no er at barn/ungdom no har så mykje meir og velje mellom. Excel blir nok ikkje prioritert, på grunn at det finnes så mange andre digitale remediar som blir prioritert først. Den lærdomen eg fekk var unik. 

Mitt utgangspunkt blir å prøve å få elevane til å leike seg med Excel. Klare eg det så har dei fått ein kunnskap i sekken sin som blir godt å ha med seg resten av livet.  

Litteraturliste

Rekneark 1 DKL101 hausten 2001

Terje Høyland, Tor Arne Wølner: Fra digital ferdighet til kompetanse 2011

onsdag 16. november 2011

Læreprosessen og digitale medier

Fem grunnleggende ferdigheter og læring med digital portefølje

Når det gjelder arbeid med digitale medier i skolen, har den nye læreplanen (LK06) en radikal endring i forhold til sin fotgjenger L97. Tidligere skulle elevene arbeide med fire grunnleggende ferdigheter for

-          å kunne uttrykke seg muntlig
-          å kunne uttrykke seg skriftlig
-          å kunne lese
-          å kunne regne

I tillegg til at elevene skulle arbeide med de fire basisferdighetene, kunne de bruke IKT. De som ville og hadde anledning, burde ta i bruk datamaskiner. En radikal endring med LK06 er den femte grunnleggende ferdigheten, siden det der står at elevene skal bruke digital verktøy for å få ferdighet. Det er altså ikkje lenger kan eller bør. Elevene skal kunne bruke datamaskiner og/eller andre digitale hjelpemidler i alle fag, og da betyr det at læreren er lovpålagt å ta i bruk digitale medier i undervisninga.

Samtidig med ny læreplan gis det frå sentralt hold tydelige signaler om at det er ønskelig at grunnskolen begynner med porteføljemetodikk eller mappemetodikk. Ser vi det i samanheng med LK06 og den femte grunnleggende ferdigheten, vil vi si at departementet er nær ved å gjøre en genistrek, men de er ikkje helt i mål. En lærer som tar i bruk digitale mapper i det faglige arbeidet med elevene, får inn arbeidet med digitale medier på en enkel måte. Tidlig bruk av digitale mapper gir elevene en digital ferdighet, og muligheter for forskjellige arbeidsmåter øker når elevarbeidene legges i digitale arbeidsmapper. Gjennom en slik arbeidsform øker også mulighetene for variert arbeid med sammensatte eller multimodale tekster. Den digitale mappa åpner for mange og varierte arbeidsmåter for elevene, samtidig som det blir et metodisk verktøy for læraren.

Litteraturliste

Terje Høiland, Tor Arne Wølner: Frå digital ferdighet til kompetanse. 2011