Hei, hei. I dag har eg tatt DKT på ordet. Eg har fått
elevane mine til å opprette ein g-mail, blogg og skal bruke det aktiv i samfunnsfag.
Korleis det skal gå får tida vise, men at elevane får den same kvaliteten i
samfunnsfag som før, er eg sikker på. Det tok litt tid å få ordna at alle hadde
fått oppretta konto, men sidan det er ein ny måte og jobbe på, må ein rekne med
litt tid.
Eg jobbar på ein skule i ytre Sogn og vi er seks elevar i 10
klasse. Det gjere at eg har bra kontroll om prosjektet å føle at dette er både
verdifult og spennandes for elevane. Visse utfordringer finnes som elevens
konsentrasjon om sjølve faget. At ein fokuserer på andre ting enn faget
kan oppstå når ein sitte med maskiner tilknytt nettet. Eg gjev elevane tillit
og rekne med at dei vise seg tilliten verdig.
5.10.2011
5.10.2011
Etter ei veke vise det seg at eg får utfordringar som eg
kanskje ikkje hadde heilt tenkt på. Alltid litt datatrøbbel. Til dømes måtte eg
må laste ned google Chrome. Nokre av maskinene hadde vel også sin
"glansperiode" rundt den industrielle revolusjonen, men det meina eg
ikkje er noko stort problem. Trenger nok ikkje større ystels enn ca @ 2 GHz og
500 mb-ram og eit 16-bit operativsystem. Med andre ord: å ha ei datamaskin er
det viktigaste. Ein får eit problem med Explorer viss OS er alt for "museum
klart". Det er spennande prosjekt synast eg. Kan sitte heime å vurdere
arbeidet og gje dei tilbakemelding, som eg syns er både lettare og betre.
Elevane kan også gje kvarandre tilbakemelding. Sjølvsagt er det ting som
"truer i det blå" ein må snakke med elevane om. Det å lage køyrereglar er viktig. Eit døme
her:
-
Ein bør ikkje bruke namn på seg sjølv eller
andre i skuleblogg på ein måte som gjere at ein sjølv eller andre som lett kan
identifiserast. (Norskboka.no: Side 101)