torsdag 6. oktober 2011

Øvingsoppgåve 1


Når eg gjekk i ungdomskulen (1991-94) hadde vi valfag maskinskriving og IT. Da var det snakk om å skrive raskast mulig på kortast mulig tid og IT handla det om programmering, som å lage små program eller spel. Eg vil komme med påstanden “eg er datagenerasjonen!”. Eg lærte meg kva som var inni maskina, enkel programmering, og viss uhellet oppsto kunne eg reparere maskina. Digitale læringsressursar var det lite av på den tida. Eg hugsa at vi brukte eit “matteprogram”, men det var bare i bruk når vi hadde IT-timen.
 Å bruke digitale kommunikasjons- og samarbeidsreiskapar[1]… står det i læreplanen for samfunnsfag. Eg har valt i mine samfunnsfagtimer å bruke blogg. Det på grunn av eg får fletta inn kommunikasjon på ein god måte. Det er og eit godt samarbeidsreiskap, der dei kan kommentere kvarandre sine innlegg. Min intensjon med det er at dei kan få eit meir seriøst forhold til blogg og at det kan vere eit nyttig reiskap for å utvikle kunnskapen rundt sosiale mediar. Sjølv synast eg det er flott å ha arbeidet til elevane tilgjengelig heiletida. Ikkje at eg skal sitte og vurdere dei time inn og time ut, men kjem eg på noko nyttig for eleven “der og da”, kan eg gå rett inn på fagbloggen å kommentere.  Dette trur eg er veldig bra for den prosessorienterte skrivinga og dei får gode framovermeldingar. Eg får brukt deduktiv metode der eleven for eit problem. Eleven jobbar med det og han/ho prøver og feilar. Får framovermeldingar og kan straks gå i gang med nye forsøk. Induktive metodar blir også brukt.

Læringsressursar

Litteraturliste
Leif Harboe; Norskboka.no, 2.utgåve
Lars Steinar Hauge, Bjørn Holgernes; Vitenskap og språk
Tekst 1: DKL 101, hausten 2011

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar