fredag 13. april 2012

Informasjonskunnskap


Informasjonskompetanse 

Viss ein leitar i SNL definerst informasjonskompetanse som ei samling av ferdigheiter som gjere ein person i stand til å identifisere når informasjon er nødvendig, og som setter vedkommande i stand til å lokalisere, vurdere og effektivt anvende den informasjonen. Ein såkalla «betrevitande» er kanskje ein person med manglande informasjonskompetanse. Veit lærarar alltid når det er smart å innhente ny informasjon? Eit menneskje som har gått ei rett line, frå 1 klasse til avslutta adjunkt utdanning og rett i jobb som lærar. Kva veit dei om samfunnet? Kva for ein informasjonskunnskap har dei? Er dei «betrevitande» unge «radikale» menneskjer som trur dei har tatt på seg verdens viktigaste oppgåve? Kanskje? Kva veit eg om det! Eg trudde sjølv eg hadde verdens viktigast oppgåve, når eg fekk mitt første arbeid. Eg jobba som bakar å skulle brødfø samfunnet. Eg var ung og hadde mange meiningar. Etter 14 år i det private næringsliv fekk eg jobb som lærar. Eg kan med handa på hjarte seie at mine 14 år i forskjellige jobbar, gjev meg ein kompetanse som ein/ei som jobbar i skulen heile livet, aldri vil få. Kanskje dette provoserer nokre leserar, men den sjansen tar eg i min eigen blogg. Eg meina ikkje at eg er ein betre lærar, men eg har erfaringar, som kanskje gjeve meg muligheita til å forstå elevane på ein annan måte, enn reine observasjonar i klasserommet og i skuleområda. Som det sto i SNL «stand til å identifisere når informasjon er nødvendig.» Eg trur ei brei erfaring å jobbe med menneskjer i mange forskjellige situasjonar er ein stor fordel. Klare ein å kombinere den breie erfaringa og dei pedagogiske evnene på ein god måte, og har nok erfaring til både vurdere effektiv og anvende nødvendig informasjon, vil eg seie at den nødvendige informasjonskompetansen er til stades. Eg vil påpeike at om 10 år eller før, har eg kanskje andre meiningar om temaet, men det orke eg ikkje å spekulere på no. J


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar