torsdag 12. april 2012

Barn og unges digitale arena


Datagenerasjonen

For datagenerasjonen er datateknologien noko sjølvsagt. Teknologien er ikkje meir "framand" eller mystisk enn det til dømes lysbrytarar og TV var for generasjonane før dei.(Mediegenerasjonen, 2009). Ein kan undrast på om datagenerasjonen i dag, veit meir enn før? Eg sikta til allmennkunnskap. Sjølvsagt må ein definere sjølv ordbruken allmennkunnskap. Kunnskap er dynamisk og forandrar seg med tida. Sidan eg studerar historie legg eg mykje vekt på at allmennkunnskap er å forstå samfunnet rundt oss og korleis det er bygd opp. Datagenerasjonen lever i eit samfunn som er "metta" på informasjon, men eg trur at denne generasjonen ofte er veldig selektiv på kva for nokre måtar dei brukar dette verktøyet. Av mine elevar i 10. klasse er det bare ein som lese nettaviser. Når vi har vekenytt så scorar han alltid 11 eller 12 poeng av 12 mulige. Ein elev sa til meg: "Ikkje rart at han alltid får så god score, han lese jo alltid på dagbladet og vg sine nettsider." Det var med ein nedlatane tone han forsvarte laget sitt dårlige resultat. Slike haldningar er viktig å stogge. Ein kan ikkje ha det slik at elevar som er samfunnsengasjerte og lese andre ting enn "pakket" generelt blir sett ned på. Eg trur nok ikkje det er sånn i samfunnet vårt generelt. Når eg gjekk på ungdomskulen var det status å vere samfunnsengasjert. PS eg reknar meg sjølv som med i datagenerasjonen. Hadde commodore 64 frå 1983/4 :)

Det er viktig at ein lærar elevane om kjeldekritikk. Eit internett med mykje fiksjon og propaganda er vanskeleg for unge og sortere. Derfor er det viktig å vere kritisk til ope bruk av nettet når ein til dømes skal ha eit prosjekt. Ein kan sjå dette som ei vidareføring av skriftspråkets høge stilling i skuleverket, slik at elevane trur at all skriven tekst er sanning, om det no er på internett, i pressa eller i bøker. Tal vise at denne haldningen har blitt betre dei siste åra. 

Litteratur:

Hagen Ingunn og Wold Thomas: Mediegenerasjonen 2009, barn og unge i det nye ,medialandskapet, samlaget



1 kommentar:

  1. Om data generasjonen veit meir enn før er eg heller noko usikker på. Grunnen til dette er at denne generasjonen brukar internett til det meste og ser ikkje på samme måten nytten av å kunne ting. Haldningen til mangen trur eg ligg i at det fins jo på internett, kvifor skal eg kunne noko om dette?
    At din elev les nyhender på data er noko eg syns er svært positiv. Kva om du hadde nytta RSS straum gjennom netvibe på elevane dine? ville elevane fått med seg meir angåande vekesnytt dersom dei hadde nytta netvibe? Kanskje noko å prøve ut?;)

    Katrine

    SvarSlett