onsdag 8. februar 2012

IKT og tilpassa opplæring

Alle skal møte til ei opplæring som er tilpassa deira føresetnad og behov. Eit slikt synspunkt møter lite motstand og kritikk i seg sjølv. Det er først når prinsippa skal operasjonaliserast som pedagogisk praksis, og definerast i formål, innhald og konkrete tiltak, at problema oppstår(http://www.udir.no/Upload/Forskning/5/Tilpasset_opplaring.pdf).
Det er ikkje enkle løysningar i ein kompleks praksis. Det er laga læremiddel som er utvikla med tanke på læring. Det er viktig å nemne at dette inneberer også program som ikkje er direkte laga for undervisning. Bjarnø, Giæver, Johannesen og Øgrim (2009, s. 142) skil mellom tre ulike hovudtypar av digital læringsressursar . Det er standarprogrammer som til dømes teksthandsamar, rekneark og presentasjonsverktøy. Pedagogiske program som er fagleg retta program og kontekstfrie program. Faglege ressurssider som ikkje er utvikla for undervisning. I opplæringslova er det bestemmelsar for dei som ikkje kan greia seg innanfor rimeleg tilrettelegging, og som difor må ha spesiell tilrettelegging med individuelle opplæringsplanar. Elevar kan få støtte til kjøp av programmvare og anna utstyr knytt til PCen.

Eg sjølv brukar som nemnt før CSCL i mine timar. Det stør på samarbeid, det oppfordrar til kommunikasjon. Ein spesiell type kommunikasjon i høve til eit problemområde. Oppgåvene mine er ofte forma på ein slik måte at dei krevje samarbeid. Etter å ha brukt dette ei stund sa ein elev til meg.

«Eg har slutta og bruke det lokalenettverket på skulen for å lagre ting på. Eg brukar google disk til alt. Da sleppe eg problem når det lokale nettverket er nede, sånn som det var sist veke. Det er og mykje lettare enn Fronter, sidan her lagrar ting seg automatisk og eg sleppe å styre med «uploading»»

Litteraturliste: https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/1008872949$904267951$/RomArkiv/3.+Veke+5.+IKT+og+tilpassa+oppl_prcent_E6ring/DKL102+IKT+og+tilpassa+oppl_prcent_E6ring+v_prcent_E5ren+2012.pdf

Terje Høiland, Tor Arne Wølner. Frå digital ferdgihet til kompetanse

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar