Det
å bruke Excel i andre fag enn matte må eg innrømme at eg ikkje har tenkt så
mykje på. Eg tenkte vel som så at Excel hørte matematikkfaget til.
Kunnskapsløftet har fokus på matematikk i alle fag. Det er da god meining i å
generelle kunnskaper om regneark. Eg vil vidare i bloggen skrive Excel i staden
for regneark. I lærarutdanninga blir Excel brukt i varierande grad. Det å lese
igjennom å jobbe med «Excel-innføring, Datakortet», er til god hjelp for dei
som har ingen erfaring. Dette er ei lett innføring av programmet. Den «berømte» inngangsterskelen kan bli noko
lågare da.
Excel
i kroppsøving- er eit døme med overføringsverdi. I kroppsøvingstimen kan ein
til dømes ha høgdehopp. Elevane hoppar 5-10 ganger og noterer ned resultata
sine. I matematikktimen tar elevane fram sine resultat og noterer dei ned i
Excel. Ved å bruke funksjonen =SUMMER kan ein finne ut kor høgt elevane hadde
hoppa samanlagt. Ein kan spør om fleire ting. Til dømes
-
Kva var gjennomsnittlig kastelengde?
-
Kva var det kortaste kastet?
-
Kva var det lengste kastet?
-
Kor mange hoppa over 1 meter?
-
Kor mange hoppa over 1.30 meter?
Ein kan ta vare på resultata å prøve på nytt igjen til
våren. Etter nokre år kan og elevane gå inn å drøfte resultata år etter år. På
den måten får ein og ein historisk innsikt som kan vere nyttig i andre fag. Det
å lese tabellar og tolke resultat kan gje elevane mange spennande opplevingar.
I samfunnsfag kan ein bruke Excel og kart. Lære seg
geografien med å jobbe med breddegrader og lengdegrader. Dette synast eg blir
spennandes til våren da eg skal prøve å bruke Excel aktivt i samfunnsfag. Eg
veit ikkje kor mykje skulen min brukar Excel, men etter eit år på jobb ser eg
lite til det. Dermed har eg ein liten konklusjon oppe i mitt hovud, eller mildt
sagt ei generalisering. Eg må kanskje lære elevane opp litt i Excel, men på
same måte som CSCL og diverse andre ting eg har lært med dette studie, har
elevane tatt det fort til seg «eg har prøvd ut mykje av det vi studerer». Eg
reknar med at det ikkje kjem til å by på store problem.
Det at elevane lære seg
å bruke digitale verktøy på ein måte som kan nyttast godt i jobbsamanheng er
viktig. Når eg var ung. Kremt yngre. Likte eg å leike med Excel. Det var
spennandes og noko eg brukte mykje tid på. Eg laga tabellar, formaler og mykje
anna. Det er eg veldig takknemleg for i dag.
Tanken da var å finne på noko som var moro og leik. Utfordringa no er at
barn/ungdom no har så mykje meir og velje mellom. Excel blir nok ikkje
prioritert, på grunn at det finnes så mange andre digitale remediar som blir
prioritert først. Den lærdomen eg fekk var unik.
Mitt utgangspunkt blir å prøve
å få elevane til å leike seg med Excel. Klare eg det så har dei fått ein kunnskap
i sekken sin som blir godt å ha med seg resten av livet.
Litteraturliste
Rekneark 1 DKL101 hausten 2001
Terje Høyland, Tor Arne Wølner: Fra digital ferdighet til kompetanse 2011

Hei!
SvarSlettDet å bruke regneark i andre fag enn matematikk, er også en nokså ny tanke for meg. Men som du nevner, blandt annet med kroppsøvning er det utallige muligheter for å bruke regneark bare i dette faget.
Som du nevner på slutten av innlegget er det viktig at vi forbreder elevene våre på å møte hverdagen i "den virkelige verdenen". Dette er noe jeg er svært opptatt av. Skolehverdagen er ofte svært ulik fra det elevene møter ute i yrkeslivet, og nettopp derfor er det viktig at vi relatrerer undervisningen vår til hverdagen, ikke bare til det tekniske.
*Birgitte*